NNDF 26: NNDF-konferansen 2026 Universitetet i Innlandet, kampus Hamar Hamar, Norway, November 9, 2026 |
| Conference website | https://www.inn.no/om-universitetet/fakultet-for-lererutdanning-og-pedagogikk/arrangementer-fra-lup/nndf-konferansen-2026/index.html |
| Submission link | https://easychair.org/conferences/?conf=nndf26 |
| Submission deadline | June 1, 2026 |
Konferansen er open for alle som vil dele og diskutere forsking om norskfaget i skulen og i lærarutdanningane. Du kan melde deg på konferansen med to presentasjonsformat:
1. Symposium: Vi oppmodar til å gå saman om å danne framlegg til symposium, der fleire set saman presentasjonar om eit felles tema. Send inn symposiumsframlegget samla, med ei omtale av symposiet som heilskap (300-500 ord), i tillegg til samandrag av dei einskilde presentasjonane i symposiet. Tidsramma for eit symposium er 90 minutt, og det er rom for 3 eller 4 innlegg per symposium. Kvart symposium skal ha ein kommentator som styrer ordet og/eller kommenterer innlegga.
2. Presentasjon: Vi ønsker òg enkeltståande presentasjonar velkomne. Tidsramma for ein presentasjon er 20 minutt, pluss 10 minutt til diskusjon.
Send inn eit samandrag på maksimum 500 ord. Samandraget skal inkludere tittel, forfattar(ar), teoretisk rammeverk og metode, og kan ha eit slikt oppsett:
- Føremål/forskingsspørsmål
- Teoretisk rammeverk
- Metode
- Forventa funn
- Norskdidaktisk relevans
Tidsfristar
Fristen for å sende inn symposiumsframlegg og samandrag til presentasjon er 1. juni.
Fristen for å melde seg på konferansen er 1. juli.
